Prim har overtatt teten.

Skrive tirsdag 10. januar 2012 av Webmaster.

Etter Nattcup 2012 er det Prim som har tatt over leiinga på maratontabellen for herrer. Haramslaget har 316 poeng, kun tre poeng foran Strandalaget Kappa Nova med 313. Begge laga gjekk forbi dei gamle travarane i Shadwell (301 poeng) etter årets turnering. På damesida er det små endringar. Sjekk ut ditt lag på linken Maratontabell i menyen over.
 

NyheNDE frå Sunnmørsposten - Nordvestlandets største avis

Skrive tirsdag 10. januar 2012 av Webmaster.

Los Caballeros vann herreklassa og Podémos kvinneklassa då det vart arrangert nattcup for 17. gong i Strandahallen sist helg. Les meir på Sunnmørsposten sine nettsider.
 

Gratulerer til Los Caballeros & Podémos

Skrive søndag 8. januar 2012 av Espen Hove.

Nattcup er over for denne gong, og vi gratulerer Los Caballeros og Podémos med seieren i høvesvis herre- og dameklassa. Meir oppdatert informasjon frå helga vil komme dei neste dagane.
 

FLEIRE ENDRINGAR i KAMPOPPSETTET

Skrive onsdag 4. januar 2012 av Espen Hove.

Mandag kunne nattcup.net melde om endringar i kampoppsettet før helgas Nattcup 2012. I dag onsdag 4. januar har det kome nye endringar i samme oppsettet. Sjekk ut når ditt lag skal spele på linken Pulje- Og Kampoppsett i menyen over.
 

ENDRINGAR i KAMPOPPSETTET

Skrive mandag 2. januar 2012 av Espen Hove.

Etter at cupleiinga har fått tilbakemeldingar på kampoppsettet som blei offentleggjort julaftan, har endringar blitt gjort. Sjekk ut når ditt lag skal spele på linken Pulje- Og Kampoppsett i menyen over.
 

KAMPOPPSETTET KLART

Skrive lørdag 24. desember 2011 av Espen Hove.

Nattcup 2012s kampoppsett er klart og ligg ute på linken Pulje- Og Kampoppsett i menyen over. Er det tider i oppsettet som ikkje passar for ditt lag? Ta kontakt med Espen Hove på telefon 41 25 51 29 for endringar.
 

Sjå puljene til Nattcup 2012

Skrive fredag 23. desember 2011 av Espen Hove.

Då er alle puljene klare, og diskusjonen rundt kva som er "dødens pulje" er alt igang. Sjekk ut linken Pulje- og kampoppsett i menyen over for å sjå puljene for Nattcup 2012.
 

FØLG trekninga LIVE på www.nattcup.net frå kl. 18.00

Skrive fredag 23. desember 2011 av Espen Hove.

Trekninga av nattcuppuljene går føre seg på Maro Cafe. Denne trekninga vil gå LIVE på www.nattcup.net og du kan følge med på linken Trekning/Påmeldte Lag i menyen over frå kl. 18.00.
 

Seeding til Nattcup 2012

Skrive fredag 23. desember 2011 av Espen Hove.

Herre:
Seedingsnivå 1: Prim, Kappa Nova, Los Caballeros, Melk, Barlia FK, Hoggorm.
Seedingsnivå 2: Vestnes Futsal, Stilongs, Ekkel & Jævli, FC Walkover, Prouberelite, Fjellbu.
Seedingsnivå 3: Panzer Fotball, Kjellern, Langlo 3 Legends, Helgheim FK.
Useeda: Pølsefesten, Frøysa FK, Liggeunderlaget, Kremen FC, Elverump, Ullavik Boys, Isane TUIL, Ranheim.

Damer:
Seedingsnivå 1: Puma Queens, Team Taskedyr.
Seedingsnivå 2: Podemos, Gold Diggers.
Useeda:  Liggeunderlaget, Braudsmular, Twitter.
 

Trekningsgang

Skrive torsdag 22. desember 2011 av Espen Hove.

Slik blir puljene til Nattcup 2012 trekt:

Herre:
1. 6 grupper a 4 lag.
2. 24 lag totalt: -
    - 6 lag i seedingsnivå 1 og 2.
    - 4 lag i seedingsnivå 3.
    - 8 lag som er useeda.

Vi trekker først laga som er useeda og fordelar dei i dei ulike puljene (HA-->HB-->HC osb). Når vi kjem til dei to siste laga i den useeda pulja vil det først bli trekt kva slags gruppe dei vil høre til.

Dei fire laga i seedingsnivå 3, vil bli satt inn i dei 4 ledige puljene i stigande rekkefølge (HA--> HB--> osb).

Når det gjeld seedingsnivå 1 og 2, vil desse bli trekt i stigande rekkjefølge. (HA-->HB--> osb).

Damer:
1. 8 lag
2. 2 puljer a 4 lag.

Vi trekker først laga som er useeda (DG-->DH). Før det siste laget vil det bli trekt kva slags pulje laget hører heime i. Etter dette vil det bli trekt i rekkefølge i seedingsnivå 2 og 1.
 

Trekning på MARO lillejulaften kl 18.00, med live-oppdatering

Skrive torsdag 22. desember 2011 av Espen Hove.

Tradisjon tru blir det trekning av nattcupgruppene den 23. desember klokka 18.00. Nytt av året er at trekninga er flytta frå klubbhuset på Mona til den nyoppussa cafen/puben Maro. Det vil likevel bli live-oppdatering på www.nattcup.net. Meir informasjon om trekninga kjem seinare i kveld.

FLEIRE endringar på herresida

Skrive mandag 19. desember 2011 av Espen Hove.

Det er stadig endringar på herresida. A-team har trekt seg frå Nattcup 2012, og Liggeunderlaget har kome inn frå ventelista. I dag vart det også klart at Chavales ikkje blir å finne på parketten under Nattcup 2012, i deiras stad kjem Isane TUIL.

Lag ut og inn på herresida

Skrive fredag 9. desember 2011 av Espen Hove.

Hynung har trekt laget, og inn kjem Kremen FC. FC Haus har trekt seg frå ventelista, medan Liggeunderlaget, Isane TUIL og Molde Airpost United er dei tre laga som er lagt til ventelista for Nattcup 2012. Følg med på linken Påmeldte Lag.

Nattcup-Julekalender på barliafk.com

Skrive onsdag 1. desember 2011 av Webmaster.

Tradisjon tru har Barlia Fotballklubb julekalender på klubbens nettside i adventstida. Spørsmål til ulike nattcuplag, og personar med tilknytning til cupen, skjuler seg bak lukene. Sjekk ut: www.barliafk.com.

Pølsefesten inn, BFK Farmers ut

Skrive onsdag 9. november 2011 av Webmaster.

Det vart i dag kjent at Barlia F.K. Farmers blir lagt ned. Dei blir derfor ikkje å finne på parketten under Nattcup 2012. Farmerane har vore med på Nattcup sidan 2002, og innehar 9. plassen på maratontabellen med 184 poeng.

Inn for dei oransjekledde kjem laget Pølsefesten.

Klart for venteliste

Skrive søndag 30. oktober 2011 av Webmaster.

Ved utgangen av oktober er herreklassa full. Det vil seie at 24 herrelag er klar for Nattcup 2012. Det er derfor laga klart for venteliste på herresida. I dameklassa er det 2 ledige plassar, etter 8 av 10 plassar er satt.

I menyen over er det laga til ein link med Påmeldte Lag. Dei siste påmeldingane, samt venteliste, vil bli oppdatert der.

Påmeldingar medio oktober

Skrive søndag 16. oktober 2011 av Espen Hove.

Ein liten oversikt over lag som er påmeldt til no. Spenstige Lår har meldt at dei ikkje deltek i 2012. På herresida er det Shadwell som er i den berømte tenkeboksen, mistar Shadwell førsteplassen på maratontabellen etter Nattcup 2012?

Herrelag: 15 lag er påmeldt til no, 9 ledige plasser.
Los Caballeros, Ekkel & Jævli, Hoggorm, Hynung, Kappa Nova, Barlia FK Farmers, Barlia FK, Langlo 3 Legends, Prim, Stilongs, Prouberelite, Ullavik Boys, Ranheim, Kjellern, Chavales.

Damelag: 7 lag påmeldt, 3 ledige plasser.
Puma Queens, Gold Diggers, Team Taskedyr, Podemos, Braudsmular, Ukjent, Ukjent.

Maratontabellar for Nattcup på Stranda

Skrive tirsdag 11. oktober 2011 av Espen Hove.

Nattcup sine Maratontabellar for både Herrer og Damer er oppdatert etter 2011-utgåva av turneringa. Desse tabellane er utgangspunktet for seedinga når puljene for Nattcup 2012 vert trekt på Klubbhuset på Stranda lillejulaftan. Tabellane ligg under linken resultat i hovedmenyen over. I herreklassa leiar ringrevane Shadwell med 301 poeng, og i dameklassa er det Spenstige lår som toppar med 220 poeng.

NY nettside

Skrive lørdag 8. oktober 2011 av Espen Hove.

Nattcup på Stranda har frå i dag fått ny nettside. Er det noko du saknar på heimesidene våre? Ta kontakt på post@nattcup.net. Vi takkar for alle innspel.

Nattcup 2012

Skrive mandag 26. september 2011 av Espen Hove.

Då er det på tide med påmelding til Nattcup 2012! Som vanleg er det første mann/kvinne til mølla som gjeld. Cupen har plass til 24 herrelag og 10 damelag.

Meir informasjon kjem etterkvart.