Eit lag ut, eit lag inn!
Skrive den 08 Jan 2010 av Espen
Siste nytt!! Lurk&Skarv måtte i dag melde forfall til turneringa, dei fann ut at dei var ikkje meir enn 4 spelerar. Men heldigvis er Vestborg villig til å stille lag, så the aftereights kjem inn for Lurk&Skarv i pulje HA.
Ta med varme kle!
Skrive den 08 Jan 2010 av Espen
Det er ikkje noko nytt at det er kaldt på Sunnmøre, og såleis er det også på Stranda. Vi anbefaler derfor alle deltakarar om å ta med seg varme kle!
Vel møtt! Vi gler oss!
Team Inpo kjem inn for Marcos Babes!
Skrive den 06 Jan 2010 av Espen
Jakten på nytt damelag er herved avslutta, no håper vi i komiteen på at alle lag dukka opp og at vi slepp meir styr. Vi sjåast i morga, vel møtt!!
Eit lag ut, eit lag inn!
Skrive den 01 Jan 2010 av Espen
Systembolaget måtte desverre trekkje laget sitt pågrunn av forfall av diverse årsaker. Men eit nytt lag er allerede på trappene og tar plassen til Systembolaget. Dette laget går inn i pulje HD i stedet for Systembolaget.
Godt nytt år!!
Kampoppsett 2010
Skrive den 28 Dec 2009 av Espen
Då er kampoppsettet sendt på mail til alle lagledera. Dette er det endelege oppsettet, vi har prøvd å ta hensyn til dei laga som ville ha ein sein start.
Du kan også finne oppsettet på www.strandafotball.no .
God jul og godt nyttår:)
Trekning lisjeaftan!
Skrive den 22 Dec 2009 av Espen
Som tidligere år vil trekninga vere på Stranda Klubbhus klokka 1800. Vi oppmoder lokale lag om å møte til ein god diskusjon og ei lett servering. Du kan også følgje trekninga på www.strandafotball.no. Vi håper mange tar turen innom både klubbhuset og nettsida rundt klokka 1800 i morga.
mvh. Espen Hove
Overnatting Nattcup 2010.
Skrive den 13 Nov 2009 av Espen
Då er prisane klare for årets overnatting hjå Stranda Hotell. Prisane i år blir kr 450 kr pr.pers i dobbeltrom(425 kr i fjor). 400 kr pr.pers i trippelrom. Hørtes det fristande ut? Ta kontakt med Espen Hove på telefon 41 25 51 29 eller på mail espen@nattcup.net. Husk å skriv om du skal ha frå fredag til søndag eller frå lørdag til søndag. VIKTIG!!
Betaling Nattcup 2010
Skrive den 06 Nov 2009 av Espen
Då er det klart for betaling av Nattcup. Avgifta er som tidligare år satt til kr.1000 pr.lag. Dette kan ditt lag betale inn på kontonummer 3910.28.00617, betalinga må merkast med lagnavnet!!
mvh. Nattcup
Påmeldte lag til Nattcup 2010:)
Skrive den 09 Oct 2009 av Espen
Herrelag(24 lag): Kappa Nova, Prouberelite, Barlia FK, Barlia FK Farmers, Barlia FK Bedrift, Flipperdicks, Ekkel & Jævli, Prim, Stilongs, Fjellbu, Lurk & Skarv, The mighty emo hunters, Shadwell, Hoggorm, Kjellern, Melk, Langlo 3 Legends, Merkesteinane, FC Walkover, Panzer Fotball, Vestnes Futsal,Fjord,fjell og fyll, Los Trøkje og Stabburet
Venteliste: 1. Lekestue
Damelag(10 lag): Barlia FK Babes, Spenstige Lår,Heidi`s Hoes, Podemos, Puma Queens, Gold Diggers,Ukjent(namn kjem seinare), Ukjent(namn kjem seinare), Team Taskedyr, Marcos Babes
Venteliste:
Påmeldinga startar fredag 9.oktober klokka 1800!
Skrive den 09 Oct 2009 av Espen
Første mann til mølla:) Nattcup går av stabelen den 8 - 9 januar 2010! Velkomen!!
NB! Fyll ut all informasjon i påmeldingsskjemaet!!
Nattcup 2010!
Skrive den 01 Oct 2009 av Espen
Viktig melding! Stranda Kommune har gjort ein blunder med å setje Nattcup 2010 til 1-2 januar. Planen var å ha cupen den 8-9 januar, men den helga er nå fylt opp med 4 handballkampar laurdag. Vi prøver så godt vi kan å få flytta desse kampane til andre datoar, slik at Nattcup kan gå som planlagt. I verste fall blir det ikkje Nattcup i 2010, grunnen til dette er at det er umulig for oss å arrangere turneringa den 1-2 januar, med tanke på overnatting og liknande. Vi jobber på spreng for å få det til, og nærmare beskjed vil komme på nettsida!
Vi håper på det beste, året er ikkje det same utan Nattcup!!
mvh. Espen Hove - General -
For ei helg, og for ein fotball!!!
Skrive den 06 Jan 2009 av Espen
Etter at helga har sunket litt inn, er eg endelig klar for å legge ut litt stoff rundt Nattcup 2009!!
Nattcup ruller videre!!
Skrive den 03 Jan 2009 av Espen
Nattcup er godt i gang og det har vore mykje fin fotball på parketten! Vi har noen store bomber i årets nattcup. Både Kappa Nova og Hoggorm som var favoritter på forhånd rauk ut før mellomspelet. Den som seiler opp som stor favoritt er nok Prim, som har spelt festfotball under heile turneringa!!
Vi beklager dårlig oppdatering av sida, men det har vore mykje stress. Og vi har heller ikkje fått til liveoppdateringa. Dette vil komme neste år!!
Kjem meir etterkvart!!
To lag ut, eit lag inn!!
Skrive den 02 Jan 2009 av Espen
Vi må desverre meddele at det no er to lag som har trekt seg frå Nattcup 2009. Desse to laga er Los Caballeros og Same Shit. Etter ei innherdig jobbing frå fleire hald(stor takk til Steinar Hjelle) så har vi klart å sanke inn eit lag. Det nye laget er Nike Futsal og desse tar plassen til Los Caballeros.
Det som skjer i pulja til Same Shit, er at det blir spelt dobbel serie!!! I play-off vil det bli ei trekning av dei 12 lucky looserane om ken som møter nr 1 i pulje HE. Dette vil bli trekt klokka 0630. Vi håper at alle har forståelse for dette, og tru oss at vi har jobba med å sanke inn lag. Men det gjekk desverre ikkje. Vi håper alikavel at det blir ein kjempemessig cup med mykje moro og mykje god fotball..
Vel møtt om ca 19 timer!!
mvh. - Generalen -
Eit lag ut, eit lag inn!
Skrive den 30 Dec 2008 av Espen
Fjorårets mester Los Caballeros og vinner av vandrepokalen måtte desverre trekke seg i dag pågrunn av lite spelarar. Vi jobber i skrivandes stund med eit nytt lag av "samme" kaliber!!! Meir nytt i løpet av kort tid!!
mvh. Espen Hove - General -
Kampoppsett!
Skrive den 28 Dec 2008 av Espen
Her er kampoppsettet for Nattcup 2009!! Skal legge ut eit skikkelig kampoppsett under resultat i løpet av kort tid.
God Jul!!
Skrive den 25 Dec 2008 av Espen
Det er no berre 8 dager igjen til Nattcup 09, har du ikkje fått kampoppsettet? Så ber vi alle om å ta kontakt med Steinar Hjelle på telefon 95 14 19 19 eller Espen Hove på 41 25 51 29. Skulle det vere noken som ikkje har bestilt overnatting, så må dette skje snarast!! Ta kontakt med Espen!!
Ha ei fortsatt riktig god jul, så snakkast vi på nyåret!!
Livetrekning Nattcup 2009!!!
Skrive den 23 Dec 2008 av Espen
Følg trekninga live frå klubbhuset på Stranda frå kl 1800!! Store problemer med nettet!! Puljene er klar!! Lyst på kampoppsettet tidlig? Ta kontakt med Steinar Hjelle på telefon 95 14 19 99.
Trekning lisjeaftan kl 1800!!!
Skrive den 21 Dec 2008 av Espen
Som tidligere år vil vi trekkje gruppene til nattcup lisjeaftan på Stranda Klubbhus. Trekninga startar klokka 18 og vi kjem til å ha liveoppdatering her på heimesida. Møt gjerne på klubbhuset å følg trekninga live!! Vi gler oss!
Regler for overnatting hjå Stranda Hotell!
Skrive den 09 Dec 2008 av Espen
Etter ein prat med hotellsjefen på Stranda Hotell, har eg fått denne kontrakta oversendt. Dette er regler som må følgjast!! Prisane på romma har steget med 25 kr fra i fjor, grunnen til dette er at alt har blitt dyrare! Eg vil be alle lag om å sende meg ein mail med bekreftelse på si rombestilling!
Følgjande lag deltar på Nattcup 2009!
Skrive den 04 Dec 2008 av Espen
Etter at no alle lag har betalt Nattcup 2009, deltar desse laga:)
Herrelag: Melk, Panzer Fotball, Stilongs FK, FC Walkover, Hoggorm, Systembolaget, Ekkel&Jævli, Los Caballeros, Team Libya, FK.NORBOS, Prouberelite, Barlia FK Farmers, Barlia FK Bedrift, Barlia FK, Shadwell, Fjellbu, Kappa Nova, Flipperdicks, Lurk og Skarv, Prim, Stabburet,Peligro, Same Shit og Lenny's disipler
Venteliste: 1. Lacaos 2. E14 pro 3. Verdas dårligaste fotballag 4. AS Nus 5. Dream Team
Damelag: Spenstige Lår, Ukjent navn(kjem seinare), Puma Queens,Team Taskedyr, Barlia FK Babes, MFK, Heidi`s Hoes, La Dolce Vita, Ukjent navn(kjem seinare) og Dekknavn
Venteliste: 1. Rødhetter
Betaling og overnatting:)
Skrive den 03 Dec 2008 av Espen
Da har samtlige lag betalt inn på kontoen og alt ligg til rette for ein strålandes nattcup 2-3 januar. Eg vil også be eventuelle lag som ikkje har bestilt overnatting om å ta kontakt.
Siste nytt: Pågrunn av skader på Oransj har måttet trekke seg frå Nattcup 2009. Dei har allerede meldt seg på Nattcup 2010 som første lag:) Som erstatter kjem eit anna lag frå volda:) Nemlig Lurk og Skarv. Eit studentlag frå Høgskulen. Vi ønskjer laget velkommen:)
Klart for betaling:)
Skrive den 05 Nov 2008 av Espen
Vi ber alle lag om å betale inn kroner 1000 til konto 3910.28.00617 innan den 1.desember. Husk å merk betalinga med namnet på ditt lag!!! Lag som ikkje har betalt innan fristen, vil miste sin plass i turneringa. Og vi vil da tilby plassen til eit lag på venteliste.
mvh. Nattcup
Det er klart for overnatting:)
Skrive den 04 Nov 2008 av Espen
Har du lyst å overnatte under Nattcup 2009 hjå Stranda Hotell? Ta kontakt med Espen Hove. Du når han på espen@nattcup.net eller over telefon 41 25 51 29.
Det strøymer inn påmeldingar fortsatt!!
Skrive den 07 Oct 2008 av Espen
Som tidligare skreve, så er Nattcup 2009 full for lenge sida. Vi har no 5 lag på venteliste i herreklassa og 1 lag på venteliste på damesida.
Vi har ikkje diskutert noko om å utvide cupen. Men dette er sjølvsagt noko vi må diskutere når vi ser kor mange lag som har lyst å vere med. Men håpet er svinnande lite for at dette skal gå gjennom. Det er vel kanskje berre dameklassa som blir vurdert utvida til 12 lag. Men dette må vi diskutere nærmare. Nattcup skal vere litt ekstraordinært, og det er viktig å vere tidlig ute. Noko mange lag fekk erfare i fjor, og noko endå fleire lag har fått erfare i år. Vi kjem tilbake med meir informasjon etterkvart. Men sjølv om ikkje ditt lag får delta, så håper vi alikavel at samtlige tar turen og lager eit liv utan sidestykke.
For eventuelle spørsmål, ta kontakt på 41 25 51 29 eller post@nattcup.net.
Da er det berre å melde seg på:)
Skrive den 03 Oct 2008 av Espen
Følgjande lag har meldt seg på:
Herrelag: Melk, Panzer Fotball, Stilongs FK, FC Walkover, Hoggorm, Systembolaget, Ekkel&Jævli, Los Caballeros, Team Libya, FK.NORBOS, Prouberelite, Barlia FK Farmers, Barlia FK Bedrift, Barlia FK, Shadwell, Fjellbu, Kappa Nova, Flipperdicks, Lurk og Skarv, Prim, Stabburet,Peligro, Same Shit og Lenny's disipler
Venteliste: 1. Lacaos 2. E14 pro 3. Verdas dårligaste fotballag 4. AS Nus
Damelag: Spenstige Lår, Ukjent navn(kjem seinare), Puma Queens,Team Taskedyr, Barlia FK Babes, MFK, Heidi`s Hoes, La Dolce Vita, Ukjent navn(kjem seinare) og Dekknavn
Venteliste: 1. Rødhetter
Den som ventar på noko godt:)
Skrive den 03 Oct 2008 av Espen
Etter mange meldinger både på mail, telefon og facebook. Kan eg endelig invitere alle til å melde seg på Nattcup 09. Det blir gjort på samme måte som tidligare, med at ein bruker påmeldingsskjemaet på heimesida. Nytt av året er at det ikkje blir sendt ut giro, men at ein betaler direkte til eit kontonummer som vil bli lagt ut snart. Vi vil også i år ha plass til 24 herrelag og 10 damelag. Cupen var fullbooka etter ca 3 veker ifjor, så her er det viktig å vere meget tidlig ute.
mvh. Generalen!
Nattcup-styret er klart!!
Skrive den 03 Oct 2008 av Espen
Da har vi endelig komt i gang med planlegginga for Nattcup 09. Vi har fått på plass styret og endelig bestemt at cupen blir 2-3 januar.
Styret består av: General Espen Hove, Endre Kjølås, Nils Erik Espelund, Torbjørn Langlo og Lars Erik Opsvik. Ny av året er Torbjørn(tobben) som har tatt på seg økonomiansvaret. Så no kan det hende at vi endelig får full kontroll på økonomien(vi har hatt det tidligare).
Nærmar seg Nattcup 2009
Skrive den 09 Sep 2008 av Espen
Datoen for Nattcup 2009 er satt til 2-3 januar, grunnen til at vi kjører det så tidlig er at dei fleste studentar reiser frå sunnmøre rundt den 5. januar. Utforminga av heimesida vil skje i nærmaste framtid, og vi håper at påmeldinga kan starte i byrjinga av oktober. Lurer dokke på noko? Ta kontakt på telefon 41 25 51 29.