Informasjon om Nattcup på Stranda
Nattcup på Stranda vert avvikla, nesten utan unntak, den
første helga i januar kvart år. Turneringa går føre seg i den vakre
bygda Stranda på Sunnmøre. Det er ofte trangt om plassen på dei
500 sitjeplassane i Strandahallen, og stemninga er høg. På
parketten spelar både amatørar og proffar. Pris per lag er kr
1000,- og nedre aldersgrense er 16 år.
Strandahallen har parkett, garderober og kiosk, og ligg sentralt
plassert på Stranda. Utanfor hallen er det rikeleg med
parkeringsplassar. Arrangørgjengen legg ned mykje
arbeid for å få til Nattcup, og med
Strandafotball i ryggen jobbar vi hard for å presentere
Nordvestlandets beste innandørscup. Nattcup vart skipa i 1995,
og det er mykje prestisje i å vinne den årvisse turneringa. For vinnaren ventar det
dessutan ein gild premie.
Cupen startar tidleg fredag kveld, og laga spelar innleiande
gruppespel heile natta. Ut på laurdags morgon vert det sluttspel, og vanlegvis er
vinnaren kåra i 16-tida. Chippen-konkurransen dukkar også opp, med
flotte premiar. Dersom vi får inn nok kvinnelag, vil vi ha eigen
klasse for desse. Vi veit det er mange gode jentelag der ute, og
oppfordrar difor alle desse til å stille. Lag som har jenter
med, vil uansett ha fordelar, les meir om dette på reglar.
For dei som ynskjer overnatting, kan ein t.d. nytte Stranda
Hotell. Har
du spørsmål om overnatting, send ein e-post til Espen Hove på
post@nattcup.net eller telefonnummer
41 25 51 29.
Laurdag kveld må sjølvsagt både vinnarar og taparar feirast,
dette skjer på det lokale diskoteket på Stranda Hotell.
Har du spørsmål om arrangementet, kan du sende ein e-post til
samme adresse som over eller ringe 41 25 51 29.
Trykk på bildet under og finn Stranda på kartet.
