Reglane i Nattcup er i all hovudsak lik Norges Fotballforbund sine reglar for spel på små baner,med visse unntak/presiseringar:
- Kvart lag består av 5 spelarar,inkludert keeper.Kvart lag kan maks. ha med 10 spelarar.
- Omgangane varer i 12 minutt
- Ballen i taket medfører indirekte frispark til det motsatte laget til spelaren som sist berørte ballen.
- Det blir spela med sidelinjer.
- Verbale utbrudd mot dommar eller mot andre spelarar under turneringa blir belønna med gult kort.
- Kvart mixlag får 5 straffer før kvar kamp, vi gjer merksam på at kvart lag må ha 3 jenter/damer på bana til ei kvar tid.
I kampar mellom to mixlag vil det ikkje bli tildelt straffer,der foregår kampen på vanleg måte.
- Ved uavgjort resultat i sluttspelet blir det ein ekstraomgang på 4
minutt.Kampen blir stoppa for kvart minutt,då må ein spelar frå kvart
lag forlate bana,og sånn fortsett det heilt til det er berre keeperane
som er att.(første målet avgjer kampen. Viss berre keeperane er
att,(ingen mål i ekstraomgangane),blir det straffekonkurranse der kvart
lag får 5 straffer.
- Ved tildømt straffe i kamp,skal straffa takast frå 9-meteren (den stipla linja)
- Området der keeperen kan ta ballen med hendene er innanfor den heiltrukne linja(6 meter og innover)
- Leggbeskyttarar skal nyttast i alle kampar,spelarar som ikkje har på seg får ikkje spele!
- Klage kan rettast til juryen mot depositum på 400kr. Depositumet
blir returnert dersom klaga blir teken til følgje. Ei eventuell klage
må seinast kome 30 minutt etter den aktuelle kampen,og før laget speler
ny kamp,
Juryen består av sekreteriatsleiar og turneringsleiar.
Juryen avgjer kor mange kampar karantene ein spelar får ved utvisning
etter tilfelle som kvalifiserer til meir enn ein kamps utestenging.
- Dersom eit lag ikkje møte opp til kamp, stryker vi alle kampane til det laget.
Nattcup kan ikkje haldast ansvarleg for skadar og uhell som skjer under cupen.
Alkohol og fotball høyrer ikkje saman. Difor vil alle som nytter
eller har nytta alkohol bli bortvist frå Strandahallen. Dersom spelarar
på lag som deltek på Nattcup nyttar alkohol vil vedkomande bli bortvist
og laget automatisk diskvalifisert frå Nattcup.
Reglar for overnatting ved Stranda Hotell
Reglar:
1. Pris overnatting er kr 400,- pr pers i dobbeltrom og kr 800,- for enkeltrom
2. Deltager må vere 18 år for å leige rom frå laurdag til søndag.
3. Deltager må vise legitimasjon ved innsjekking.
4. Betaling skjer ved innsjekking.
5. Det er ikkje lov å drikke alkohol i gangane. Medbrakt alkohol skal ikkje forlate deltagerens rom. Røyking skjer kun ved anviste steder.
6. Hotellrom er kun tilgjengelige for hotellets gjestar.
7. Ødeleggelse av rommets inventar erstattast av leietaker. Kvart rom må skrive under på ansvarserklæring ved innsjekking.
8. Cover til nattklubben er inkludert.
9. Hotellet har eigen nattevakt som har full myndigheit når det gjelder reglane. Dette er i samsvar med Nattcup arrangøren og Stranda Hotell.
10. Lobby og nattklubben åpnar kl 2100. Aldersgrense er 18 år i nattklubben og 20 år i lobby. Dette p.g.a spritservering
11. Brudd av reglar vil føre til utkastelse, og innbetalte pengar vil ikkje refunderast. Dette gjeld sjølvsagt rom og cover.
Dette er reglar som hotellet nytter ved alle kurs og andre festivitetar som skjer på størrelse med nattcup. Vi ber derfor alle om å rette seg etter dette, slik at vi også neste år kan nytte oss av hotellets tjenestar.
Ring Espen på 97 08 49 83 for eventuelle spørsmål!!
På førehand takk!!