Stranda Fotball
Med sine 38 lag og stor breidde, er Stranda Fotball ein av dei tre største klubbane på Sunnmøre. I mange år har både jente- og gutelag frå Stranda markert seg, i alle aldersgrupper. Det står heller ikkje på individuelle prestasjonar; krinslaga har mange strandarar. Spelarane har både grasbane og kunstgras på Stranda stadion, og ei grusbane med flomlys. Ei mengd friviljuge støttar opp om trening, transport, kioskdrift og andre ting som må gjerast. Heile 70 personar er engasjerte som trenarar/oppmenn.
Litt nyare fotballhistorie frå Stranda:
Senior herrer: 2.divisjon: 1990, 1991, 1992 og 2000
Senior damer: 1.divisjon: 2000
3.runde i NM: 1983: Stranda-Vålerenga 0-2 Tilskodarar: 7500.
Landslag: Stine Lillestøl frå Stranda spelte på J-17 i 1999-2000
Sjå også internettsida til Stranda Fotball, som er kåra til ei av dei beste klubbsidene i landet.